Organisasjonen Framtiden i våre hender valde Mobit med fokus på gjenbruk.
– Vi er opptatt av gjenbruk og i avtalen med Mobit kan vi få kjøpe brukte mobiltelefonar, seier Monica Rønneseth i Framtiden i våre hender.
35000 medlemmer
Framtiden i våre hender er blant Noregs største miljø- og solidaritetsorganisasjonar med over 35 000 medlemmer. Overordna mål er global rettferd, økologisk balanse og ei løysing på verdas fattigdomsproblem, slik at det vert mogleg for alle menneske på jorda å leve eit verdig liv. I dette ligg implisitt etisk og miljøvenleg forbruk.
Betre dekning på mobilnettet
Rønneseth har ansvar for IT og telekom i organisasjonen. Mobit-verksemden Kalbakken har vore inne som rådgjevar og leverandør og har samtidig sørga for at organisasjonen har fått betre dekning på mobilnettet etter å ha meldt overgang til Telenor. I tillegg har Framtiden i våre hender tatt i bruk sentralbordløysinga til Telenor.
– Vi er godt nøgde
– Vi valde Mobit fordi vi er medlemmar i Virke og dei hadde forhandla fram ein avtale som var gunstig for oss. Det som vart utslagsgjevande var mellom anna at Mobit klarte å få til ei ordning for oss der vi kunne kjøpe brukte mobiltelefonar. Dette er heilt i tråd med våre verdiar og passar godt inn i ei tid der vi akkurat har lansert ei kampanje om reparasjon av elektronikk og redusert forbruk. Vi fekk veldig god hjelp, opplæring og støtte i overgangsperioden og vi er godt nøgde, seier Rønneseth, og legg til:
– Vi har ikkje angra eitt sekund. Det er ikkje enorme skilnader på dei ulike leverandørane, men i dette tilfellet fekk vi til noko unikt som få andre kan tilby.
Har finner du våre lokale Mobit verksemder